De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/img20260324141940.jpg.

Påskemysterium på De Heibergske Samlinger

Tidspunkt til
Stad De Heibergske Samlinger

Museet er stengt i påska, men du kan framleis ta turen ut i friluftsmuseet for å hjelpe til med å løyse påskemysteriet på De Heibergske Samlinger.

----------------------------------------------------------------------------------------------

På museet hadde påskeharen gøymt eit digert, nydeleg og glitrande kjempepåskeegg. Dette skulle delast ut til alle borna, men no har egget forsvunne! Nokon har tatt det!

Klarar du å finne ut kven som er den skuldige?

Det er lagt igjen spor etter dei mistenkte rundt omkring på museumsområdet. Finn dei mistenkte på postane. Egget vart sist sett ved statuen av museumsgrunleggjar Gert Falch Heiberg så det kan vera lurt å starte der!

Send inn svaret ditt via skjemaet for å vinne eit påskeegg med fine premiar!

Skjemaet er ope frå 28. mars til 6. april.

de-heibergske-samlinger/qrcode-for-kven-har-tatt-paskeegget-ved-de-heibergske-samlinger_-(2).jpg.