De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/slattedag-2024-msf-05407.jpg.

Slåttedag

Tidspunkt -
Stad De Heibergske Samlinger

Velkomen til Slåttedag på museet!

Den årlege og tradisjonsrike slåttedagen går av stabelen hos oss denne dagen. Som ein viktig del av skjøtselen av kulturlandskapet og drifta av ein levande museumsgard, slår vi store delar av museumsområdet på tradisjonelt vis – med ljå.

Graset blir raka saman og hengt til tørk på hesjer før det til slutt blir teke inn på låven, slik ein har gjort i generasjonar.

I eldre tider var det avgjerande å sikre nok vinterfôr til dyra, og før dei moderne maskinane kom, var slåtten eit tidkrevjande, men viktig arbeid som vart gjort med handkraft og gode reiskapar.

Vi er så heldige å få hjelp av flinke og engasjerte dugnadsfolk som er med og slår, raker og hesjar. Har du lyst til å prøve deg eller bidra denne dagen? Ta gjerne kontakt med oss på dhs@misf.no.

I tilleg til at du kan oppleve tradisjonsrikt slåttearbeid har vi ulike aktivitetar for born både ute og inne.

Vekomen!

de-heibergske-samlinger/kjell-slatt.jpg.