De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/urnesportalen.jpg.

Kurs: Treskjerarkurs i Urnesstil med Kai Johansen

Tidspunkt til
Stad De Heibergske Samlinger

Ei unik helg med historisk handverk og inspirasjon

Urnesportalen er eit meisterverk innan norsk treskjærarkunst – kjend for si presise linjeføring og komplekse mønster. No har du sjansen til å lære deg kunsten å lese og forme i Urnesstil, under kyndig rettleiing av treskjærar og museumshandverkar Kai Johansen.

Om kurset

Gjennom ei helg får du ei grundig innføring i:

  • stilhistoriske trekk frå vikingtid og mellomalder

  • arbeid med arbeidsteikningar i Urnesstil – forstørre, forminske og overføre til emne

  • tilpassing og klargjering av emne for skjering

  • bruk og vedlikehald av treskjærarverktøy

  • praktisk skjering og teknikkar

  • prøving av kopiar av treskjærarjern frå vikingtid/mellomalder, laga til forskingsprosjektet Treets meister

  • tips om utstyr, materialval og kor du får tak i det du treng

Du kan velje mellom tre ulike vanskegrader med ferdigteikna mønster, eller ta med eit eige prosjekt og dekorere det i Urnesstil. Det vil vere ferdige emne i lind eller furu tilgjengeleg.

Praktisk informasjon

Dato: 26.–28. september 2025

Stad: De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum

Tidspunkt:

Fredag kl. 16.00–21.00

Laurdag kl. 09.00–17.00

Sundag kl. 09.00–16.00

Kurset passar både for nybyrjarar og vidarekomne. Du kan ta med eige verktøy (treskjærarjern, treklubbe, teikneutstyr), men det finst òg mykje verktøy til utlån på verkstaden.

Om Kai Johansen

Kai arbeider som museumshandverkar, og er utdanna treskjærar med bakgrunn frå Raulandsakademiet og med bachelor i tradisjonshandverk frå NTNU. Han har drive eiga verksemd i ei årrekkje og levert trearbeid til museum og vikingentusiastar over heile Skandinavia. Sidan 1996 har han halde kurs med fokus på vikingtid og historisk trehandverk.

Har du spørsmål? Kontakt Kai på telefon 414 91 899

Frist for påmelding er 1. september. Kurset vert holdt med atterhald om at vi får nok påmelde. Ved avlyst kurs vert du fullt refundert.

La deg gjerne inspirere av Kai på sosiale medium:

Facebook: https://www.facebook.com/kai.johansen.355/

Instagram: https://www.instagram.com/historicalwoodcarving