Velkomen til Ull- og lindag på museet!
Denne dagen set vi fokus på naturfibrane ull og lin – og korleis ein går frå råmateriale til ferdig tråd. Visste du at vi dyrkar lin på museet? Linplanta må gjennom fleire spennande prosessar før ho kan bli til tekstil, og denne dagen får du sjå og lære meir om heile prosessen i Optunsløa.
Aktivitetar og opplevingar
I Haugastova kan du sjølv prøve deg på karding og spinning med handtein – klarar du å lage din eigen tråd?
I Eldhuset viser vi plantefarging med ulike planter, og du får sjå korleis naturlege fargar kan hentast fram.
Vi får også besøk av Sogn bunadsnettverk, og vi får besøk av frivillige som demonstrerer og forteller om Dogmestrikk - å strikke og veve med ullfiber.
Inne i hovudbygget blir det fleire aktivitetar for born, mellom anna toving av ull. Her finn du også utstillinga «Frå fiber til tråd», der du kan sjå ulike reiskapar som har vore brukte i dei ulike prosessane.
I kaféen finn du som vanleg mykje godt – perfekt for ein pause mellom aktivitetane.
Velkomen!