De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/oyri.jpg.

Utstillinga "Strandstaden"

Stad De Heibergske Samlinger

Strandstaden

Etter modell av dei gamle strandstadane langs Sognefjorden har museet bygd opp eit lite "bygdesentrum" med skomakar- og snikkarverkstad, og ikkje minst eit tannlegekontor der vi formeleg kan høyra lyden av tannlegeboren den dag i dag! Hestevogner og orginale skilt gir også den rette stemninga.

Krambua

Innbu og lausøyre i den gamle krambua kjem i hovudsak frå Kvammes Landhandleri på Borgund i Lærdal. Landhandelen var driven av tre generasjonar handelsmenn frå 1866 til 1940. Det meste av innbuet stammar frå dei fyrste par tiåra av 1900-talet. Ved spesielle høve kan også dagens publikum koma inn og gjera ein hyggjeleg handel.