De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/akle2.jpg.

Utstillinga "Drakt og tekstil"

Stad De Heibergske Samlinger

Tekstilutstillinga er ei av våre eldste
utstillingar, der delar er fornya i seinare tid.

Første del av utstillinga viser gjenstandar
som er brukt i prosessen med å omdanne fiber til tråd.

I det gamle bondesamfunnet var tekstilproduksjon ein sentral del av kvardagen. På gardane vart ull frå sau og geit, og fiber frå plantar som lin, forvandla til tråd og tekstilar gjennom mange arbeidskrevjande prosessar – alt utført heime.

I denne utstillinga kan du sjå reiskapar som vart brukte i arbeidet med å spinne tråd – frå råfiber til ferdig garn. Dette var vanlege hjelpemiddel på gardar i Sogn og elles i landet då folk framleis laga mykje av tekstila sine sjølve.

Ull var det viktigaste råstoffet, særleg på vestnorske gardar med mykje sauehald. Spælsauen var vanleg, med si særmerkte todelte ull: ei mjuk botnull og ei glinsande, hårliknande dekkull – begge nytta til ulike typar tekstil.

Lin var òg ein viktig ressurs. Han blei sådd om våren og hausta seint på sommaren. Dei tynne, elastiske stenglane inneheld fiber som etter mykje arbeid kunne bli til sterke og fine tekstilar. Gamle stadnamn som Linekre minner oss om kor utbreidd lindyrkinga ein gong var.

de-heibergske-samlinger/fadermordar-rokk.jpg.

Ut over dette viser den eine delen av utstillinga korleis tråden vart brukt i ulike vevteknikkar. Her finn du mellom anna veven til biletvevaren "Kjerstina Vangsnes".

Midten av rommet viser utviklinga av klesskikken i Sogn gjennom tidene. Her finn du blant anna bunadar og folkedrakter frå Sogn, slik vi kjenner den i dag og slik bunaden såg ut på 1800 talet.

de-heibergske-samlinger/asfs.jpg.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. september — 30. september
tysdag–søndag kl. 10–15

Prisar

  • Vaksne (18+): 140 kr
  • Born frå 0-17 år: Gratis
  • Honnør/studentar: 110 kr
  • Årskort: 475 kr

Her er vi

De Heibergske Samlinger
Mannhellervegen 643
6854 Kaupanger