De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
Sol, snø.

Vinterferiedagar

Tidspunkt til
Stad De Heibergske Samlinger

Velkommen til vinterferiedagar 16.–20. februar og 23.–27. februar!

I vinterferien inviterer vi til kjekke aktivitetar for både store og små – inne i hovudbygningen og ute i friluftsmuseet. Inne kan du sleppe kreativiteten laus i formingsrommet vårt, medan du ute kan gå ein kjekk rebus gjennom området. Dersom vêr og føre spelar på lag, set vi også fram sparkar og lagar skiløyper.

I kafeen ventar gode, heimelaga kaker og varm drikke – perfekt for ein liten pause mellom aktivitetane.

Vi håpar å sjå deg ein av desse dagane og ønskjer deg hjarteleg velkommen til vinterferie på museet!