Bua har ei lang historie, både på museet og utanfor, og har blitt flytta fleire gonger tidlegare. Prosessen vi no arbeider med, inneber både ei gjenoppføring og restaurering på same tid.
I arbeidet med å reise opp att bua, blir det gjort løpande tilstandsvurderingar av handverkarane, der ein tek avgjerder om reparasjonar, naudsynte utskiftingar av bygningsdelar, med meir. Dette arbeidet blir utført med så høg grad av autentisitet som mogleg, både når det gjeld bruk av rette verktøy og metodar, men òg materiala som blir nytta i naudsynte reparasjonar. Sidan Hemrebui er freda, skjer arbeidet i tett dialog med Vestland fylkeskommune, for å sikre at prosessen blir gjennomført på ein god måte, og for å sikre eit godt resultat.
Historikk
Hemrebui er bygd i to høgder. Utvendig over døra står innskrifta «anno 1621 den (f)emte: avgvstvs bo ras eg hand», og på sjølve døra er det skore inn «jesv». Dette har vorte tolka som at Hemrebui vart bygd i 1621. Jesu namn innskore i døra er truleg ei inderleg bøn om vern for dei som sov i bua.
Alderen på andre høgda er uviss. Hemrebui har tre senger etter einannan slik som Geithusbui, men berre langs den eine veggen. Desse sengene er uvanleg godt utforma, med utskjeringar på sengestolpane.