Sogndal folkehøgskule gjennom 150 år
Skrevet av tidlegare rektorar ved Sogndal folkehøgskule Kari Thorsen og May-Evy Bakken
1871- 1920
Folkehøgskulen voks fram i Norge i ei tid da det offentlege skuletilbodet var dårleg, særleg ute i distrikta. Ideane var tufta på Grundtvig sine opplysningstankar. Desse vart særleg viktige i Norge i bygginga av den unge nasjonen, styrkinga av den folkelege kulturen, kampen for åndsfridom og utvikling av folkestyret.
Gjennom livsopplysning og kunnskapsformidling ville skulane styrke elevane sin personlege vekst, stimulere til sjølvstendig tenking og gjere dei til deltakarar i eit nytt demokratisk og sjølvstendig Norge.
Dei tidlege folkehøgskulane var som regel i privat eige. Henrik Mohn Dahl og søstera Mette var velhaldne, og kosta dei første husa. Den første skulestova sto klar på Nes i 1875. I 1885 vart skulen utvida med skulesalar og nokre elevrom. Etter si styrartid bygde Henrik og ei kårstove der han og Mette budde dei siste åra. Denne vert i dag omtala som «Haugehuset».
Under Sverdrup sin styrarperiode 1871-78 vart det registrert tilsaman 434 elevar. På desse første kursa var det berre gutar. Dei kom i hovudsak frå Sogndal, Lærdal og Balestrand og var i alderen 12 - 33 år. Dei fleste elevane budde hos private i Fjøra eller på dei næraste gardane. Skulen starta med særskilt jentekurs i 1879. Kurset vara 3 månader. Frå skuleåret 1890-91 vart vinterkurset opna for jenter.
“Sogndalsskulen” spela ein avgjerande rolle for utdanning av ungdom frå Sogn. Skulen vart og eit viktig springbrett til mellom anna lærarutdanning.
Sogndalsskulen fekk ein god økonomisk start. Grunna den sterkt lutherske innretninga av skulen sikra Sverdrup støtte frå Hæremkomiteen. Skulen fekk og bidrag frå Sogndal herad, sparebanken og ein del lokale gjevarar.
Lov om amtsskular kom i 1875. Loven opna for at også folkehøgskulane kunne søkje om støtte til drift. Vilkåret var at dei måtte godta dei same skuleplanane som amtskulen og godta statleg tilsyn av drifta. Folkehøgskulane kunne ikkje godta tilskot på slike vilkår. Sverdrup derimot, søkte og fekk støtte frå 1876. Skuleplanar, lærebøker og kurslengd vart godkjend av staten.
Elevane sine skulepengar vart i 1876 sett til kr 5,- i månaden. Talet på friplassar skulle vere 10% av opp til 60 elevar.
Frå 1894 kom dei kristne ungdomsskulane som ein motreaksjon på dei liberale, grundtvigske folkehøgskulane. Folkehøgskulane sleit tungt. Dei kom og gjekk, eine året kurs her og neste år der. Sogndal folkehøgskule hadde god drift og gjennomførte årlege kurs på same staden, med gode elevtal.
Frå starten og fram til århundreskiftet stod norsk folkehøskule i ein kampsituasjon pedagogisk, kulturelt og politisk. Rundt år 1900 var det berre åtte folkehøgskular att. Noregs Høgskulelærarlag vart stifta i 1905, og vart viktig i kampen for dei grundtvigske folkehøgskulane si framtid.
Eit prinsipp om statsstøtte til folkehøgskular vart vedtatt i stortinget i 1908, og førte fram til vedtak om reglar i 1919. Reglane skulle gjelde for amtsskular, folkehøgskular og kristne ungdomsskular.
Vedtaket peika fram mot første lov om folkehøgskolar som kom i 1949. Reglane sikra driftsstøtte frå staten på visse vilkår, mellom anna innsending av rekneskap. Styraren fekk store fullmakter. Folkehøgskulen vart ein topptung skule der styraren var eineansvarleg for økonomi og pedagogikk. Skulane skulle vere allmendannande.
1920 – 1975
Såvel folkehøgskulane som dei kristne ungdomsskulane styrka seg i tida fram mot 2. verdskrigen. Tankane om ein felles lov for desse skulane saman med amtsskulane fekk fotfeste i 1930-åra. Arbeidet med loven brakte mange stridsspørsmål opp; namnet på skulane, formålsparagrafen, styresamansetting, staten si rolle og innføring av lærarråd og elevråd. Folkehøgskulane og dei kristne ungdomsskulane hadde ulike syn på mykje av dette. Amtsskulane var i det store og heile på linje med folkehøgskulane. «Lov om folkehøgskolar» vart vedteke 28. juli 1949 med det kortfatta formålet «..å gje vaksen ungdom allmenndanning». Organisatorisk vart det to greiner, den frilynte og den kristelege. Sogndal folkehøgskule definerte seg som ein frilynt folkehøgskule.
Hausten 1920 var eit stort nytt skulehus tatt i bruk. Det inneheldt plass til 50 – 60 elevar, skulekjøken og ein lys og romsleg sløydsal. I 1921/22 hadde skulen 123 elevar; 80 på internatet, resten privat. Internatet vart bygd vegg i vegg med gamlebygningen med gymnastikksal og daglegstove der jentene hadde handarbeid.
Elevsøknaden gjekk ned siste halvdel av 20-talet og svakare rekruttering heldt fram inn på 30-tallet med tronge økonomiske tider. For å gi fleire sjansen til å gå på folkehøgskule etablerte høgskulelaget eit stipendfond med innsamla midlar frå bygda. Første utbetaling var til elevar på vinterkurset 1936/ 37. I denne perioden hadde skulen i snitt omkring 75 elevar på vinterkurset.
I denne perioden hadde skulen tilbod om vinterkurs og andreårskurs frå oktober til påske, vårkurs for jenter frå april til juni, og puggekurs for ungdom som ville søkje opptak til lærarskular og landsgymnas. Skuleplanen viser det faglege innhaldet.
Skular rundt i landet vart modernisert, og folkehøgskulen måtte følgje med i utviklinga. Det var behov for eit nytt undervisningsbygg. Det vart arbeidd med dette utover i -30-åra, og nytt undervisningsbygg vart opna i oktober 1939. I dette bygget var det stor foredragssal, rom for skulekontor og boksamling. I kjellaren var det naturfagrom, sløydsal og rom for sentralfyring. Huset var i bruk ein vinter, så kom krigen.
Første vinteren etter krigen var det stor tilstrøyming til skulen, 98 elevar gjekk på vinterkurset. I tillegg gjekk 18 jenter på vårkurs våren 1946. Etterkrigstida var prega av arbeid med gjenreising. Det var lett å få arbeid, men lite pengar blant folk. Elevtalet gjekk dramatisk ned, og kullet 1950/51 talde berre 22 elevar. Ut gjennom -50-talet hadde skulen i snitt om lag 40 elevar på vinterkurset.
Mange spådde folkehøgskulane ein snarleg undergang i denne tida. Men folkehøgskulen greidde å analysere tida godt. Etter eit tiår med drøftingar og utviklingsarbeid, fekk skulane eit løft på 60 – talet. Ungdom frå byar og tettbygde strok strøymde til folkehøgskulane.
På Helgheim vart det bestemt å starte opp med nyskapinga idrettsline. For å lukkast med denne satsinga, måtte det byggast gymnasikkbygg. Gymnastikkbygg med scene, undervisningsrom, styrketrening, garderobar og lager vart tatt i bruk i 1963. Det vart og bygd nytt internat for 40 elevar med lærarbustader og klasserom.
Helgheim under krigen
Helgheim var mobiliseringsstad for norske styrkar ved krigsutbrotet i 1940. Under tilbaketoget var det mange som var innom Helgheim og bytta til sivile klede og la frå seg våpena. Ein av dei første dagane i juli overtok tyskarane skulen. Det kom fleire hundre mann med fullt utstyr. Dei skulle betale 30 øre per mann per dag. Tyskarane beslagla alle radioar i Sogndal, og desse vart oppbevart på Helgheim gjennom heile krigen.
Det vart ingen skule vinteren 1940/41. Dei neste tre krigsåra var det vinterkurs med høvesvis 74, 68 og 96 elevar.
Elevane skreiv i Bondeguten, elevavisa med tradisjon tilbake til -20-talet. Tekstane vart opplesne som del av underhaldninga på laurdagskveldane. Innhaldet under krigen var som elles; skjemt og alvor, dikt og prosa.
Frå Bondeguten 1943/44
Her trur vi nokon har vore ute etter jentene ein laurdagskveld, fortalt med krigens bilete:
Melding: Siste nytt
Det vert meldt at dei alierte har funne opp eit nytt våpen, til å ta slike jagarar som gong på gong beslaglegg visse skip i Helgheimskonvoien. Det er eit billigt, men effektivt våpen. Det er nokså enkelt i bruk, med di ein treng berre vatn og sterke armar i staden for kuler og kanonar, og eit par spionar i staden for speidarfly. Det har vore prøvt ved Loftesnes-svingane ei måneskinnsnatt for ei vikes tid sidan. Verknaden har vore stor, for jægaren drog seg attende med skadd slagside, og har vore mykje spakare sidan.
Bladstyrar Kjellaug Fugle
Vinteren 44/45 ville tyskarane tvinge folkehøgskulane inn i arbeidstenesta. Dette vart det ikkje noko av, men det vart ikkje noko vinterkurs. Helgheim vart i staden nytta som losji for evakuerte skulebarn frå Bergen Dei hadde eigne lærarar med seg.
Etter krigen var Helgheim ein kort periode samlingsstad for 30- 40 norske nazistar og andre som ein mistenkte for samarbeid med tyskarane. Medan dei sat internerte i Sogndal, vart desse fangane nytta til ein del anleggsarbeid på idrettsplassen på Fosshaugene.
1970 – 2021
Åra frå 1970 og fram mot 2000 var prega av kompetansestrid og spørsmål om kva rolle folkehøgskulen skulle ha i høve til skule-og samfunnsliv. Lov nr. 2 om folkehøgskular kom i 1984. Formålsparagrafen heldt fast ved folkehøgskulen som ein allmenndannande skule. Stortinget gjorde i 1997 eit vedtak som avslutta kompetansestriden gjennom ei generell verdsetting av eit fullført folkehøgskuleår.
Ny «Lov om folkehøyskoler» kom i 2003 med følgjande formålsparagraf: «Folkehøyskolens formål er å fremme allmenndanning og folkeopplysning». Eit vilkår for å motta statsstøtte er at skulane er pensum- og eksamensfrie. Elevane får full finansiering gjennom Statens lånekasse.
Folkehøgskulen markerte seg som eit attraktivt skuleslag på 70-talet. Mange unge søkte til ein skule utan eksamens- og karakterpress. Elevane kom frå alle kantar av landet, og stadig fleire utanlandske elevar fann vegen til Sogndal. I 1974 opna skulen nytt kjøkenbygg, internat, lærarbustader og rektorbustad.
Det faglege tilbodet var i utvikling. Idrettslina var etablert, nokre år seinara starta friluftsliv/miljø. Teorilina vart erstatta av samfunns- og sosialfag. Heim og husflid heldt stand, etterkvart avløyst av foto og naturfoto. Det vart færre foredrag, meir gruppearbeid og prosjekt.
Alderen på elevane auka, etter kvart kom dei fleste etter avslutta vidaregåande skule. Elevane fekk større medverknad gjennom elevråd og allmøte, og elevane var aktivt med i arbeid med reglement og ordningar.
Naturen vart tatt i bruk som klasserom. Felles fjelltur i Jotunheimen var starten på skuleåret. Natur-og miljøvern kom på dagsorden.
Med jappetida midt på -80-talet gjekk elevtalet ned, og konkurransen om elevar auka. Skulen prøvde ut nye liner. Reiseliv, Kulturverkstad, Grafisk kunst og Arbeid med psykisk utviklingshemma er døme på liner som var i gang nokre år. Det vart lagt til rette for halvårskurs.
Dei første utanlandske elevane kom frå Island. Frå -70- åra kom danske, nederlandske, amerikanske, engelske og afrikanske elevar, seinare frå mange andre land. Dei utanlandske elevane brakte med seg nye perspektiv. Dei bidrog og til å styrke elevtalet i år med svak rekruttering. I 1986 hadde skulen 48 elevar på vinterkurset der 9 var utanlandske.
Danskane på Helgheim
Klaus´betraktninger (Årbok for Sogndal folkehøgskule 1986)
At være utlending i et andet land er altid spænnende, sagt med andre ord, det at være på rejse, møde nye mennesker, nye kulturer kan ikke skje uden følger. Du vil altid midt i et givent forløb stå ansikt til ansikt med dig selv.
Elevane deltok i matlaging og oppvask. Dei vaska både eigne rom og alle skulesalar. På vaskelista sto også lærarane. Alle måtte ta del i arbeidet når det var festar og arrangement på skulen.
Tekstilforming, sløyd, enkel matlaging, drama, visegruppe, filmkunnskap, foto, idrett, litteratur, dans, førstehjelp, lista over valfag er lang.
Skuleåret 2012/13 vart det bygd nytt internat for 24 elevar i eplehagen. Samstundes vart internata frå -70-talet ombygde og pussa opp. Tre lærarbustader vart rivne. Det nye skuletunet sto ferdig sommaren 2013.
Ungdom vil reise, og folkehøgskulen har tatt konsekvensen av det ved å tilby studieturar til fjerne strok som Vietnam, Tunisia, USA, Brasil, Alpane og Nepal. Framtida for dei lange reisene er usikker, både på grunn av koronapandemien og konsekvensane for klima og miljø.