Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Tett med publikum inne på Kunstmuseet.
Publisert 11/08/2025
Av Henriette Bekjorden Hukset

Ledig stilling

Har du hjarte for museum og teft for vertskapsrolla? Då vil vi høyre frå deg!

Vi har ledig stilling som museumsvert hjå oss ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Vi søkjer ein person med interesse og engasjement for museum og kunst, og som evnar å spegle dette i ei vertskapsrolle. Museumsverten er vårt ansikt utad, og skal yte sørvis og gje god informasjon til dei ulike publikumsgruppene og besøkande på museet.

Som museumsvert vil du ha ansvar og oppgåver knytt til:

  • Du vil arbeide med både  praktiske og administrative oppgåver.

  • førstelinjetenester (resepsjon, telefon, e-post, SoMe)

  • booking og utleige

  • museumsbutikk og kiosk / enkel servering

  • marknadsføring og informasjon til publikum

  • rapportering sal, fakturering, månadsoppgjer og besøksstatistikk

  • planlegging, praktisk førebuing og gjennomføring interne og eksterne arrangement

  • opplæring sommarvertar

  • enkle formidlingsoppgåver

  • støtte til museumsleiar og museumspedagog 

Les meir om stillinga i lenka under.

kunstmuseet/takterrassen_pa_sogn_og_fjordane_kunstmuseum_msf_00627_foto_ingrid_norum.JPG.

Opplevingar