Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/plakatverkstad_rehumanize_02.jpg.

Open verkstad / Plakatar til kunst-containeren re:HUMANIZE

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Lag din eigen plakat – Bli med på ein kreativ plakatverkstad for små og store!

Kva vil du fortelje med ein plakat? Kva kan eit bilete, eit ord eller ein farge seie?

På denne opne verkstaden får de utforske plakatkunst gjennom teikning og collage. Du kan leike med former, fargar, bokstavar, bilete og ulike materiale for å lage din heilt eigen plakat. Kanskje har du eit bodskap du vil dele, noko du er oppteken av, eller kanskje vil du berre eksperimentere og sjå kva som skjer? Vi brukar diverse teikneutstyr, saks og limstift på verkstaden. De kan lage plakatar i ulike størrelsar av papir og vi har ei mengd med magasin og tekstil ein kan klippe ut former og bilder frå.

Når plakaten er ferdig, flyttar kunsten ut av verkstaden og inn i kunst-containeren på framsida av museet. Her får deltakarane vere med på å montere plakatane som paste-ups – ein teknikk der kunstverk og plakatar blir festa direkte på ein overflate ved hjelp av lim og malingsrulle.

Kunst-containeren er allereie fylt med plakatar med mange ulike uttrykk og perspektiv. Her finn du arbeid frå profesjonelle kunstnarar frå inn- og utland, lokale kunstnarar og folk utan kunstnarbakgrunn.

Kunst-containeren er eit felles kunstverk i stadig endring – ein stad der ulike idear, erfaringar og visuelle uttrykk møtest. Ved å lage og henge opp sin eigen plakat får deltakarane vere med på å forme kunstverket og setje sitt eige preg på det.

Du treng ingen forkunnskapar for å delta. Verkstaden handlar om å vere kreativ, prøve ut ulike teknikkar og lage noko med eigne hender.

På verkstaden møter du museumsvert og illustratør Grogory Idehen, som hjelper dykk i gong med å lage plakatar.

Alle er velkomne, og verkstaden passar særleg godt for born og familiar.

kunstmuseet/rehumanize_container.jpg.
Containeren fyllast med bidrag laga av profesjonelle kunstnarar frå inn- og utland, lokale kunstnarar og folk utan kunstnarbakgrunn, born og vaksne, heilt fram til 27. september 2026.
kunstmuseet/container_rehumanize_02.jpg.
Containeren framfor museet. På verkstaden kan du lage din eigen plakat som du får henge opp her!

Vi gjer oppmerksam på at det føregår ombygging på museet og kafètilbodet er for tida begrensa til kun drikke. Vi har likevel open to flotte utstillingar, de:HUMANIZE og Frida Rusti "Eg målar i draume". Med inngongsbillett til museet får du adgang til både utstillingane og verkstaden. Born/unge, 0-17 år kjem alltid gratis inn på museet.

BILLETTINFO:

Verkstaden er gratis for born i følge med betalande vaksen. Born under 12 år må ha følge av ein føresett.

For vaksne med årskort på museet er verkstaden gratis. Ellers gjeld vanleg inngangsbillett på museet.

Merk: alle som vil delta på verkstaden (uansett om du har årskort eller skal kjøpe billett) må registrere seg i resepsjonen først. Borna får utdelt sin gratisbillett der.

-

Førstemann-til-mølla-prinsippet gjeld for verkstadane. Er det mange som kjem samtidig må ein berekne litt ventetid før det blir ledig plass - vi gjer det vi kan for at alle skal få komme inn :-) Full verkstad når du kjem? Ta ei runde i utstillingane medan de ventar.