Velkomen til utstillingsopning!
Denne kvelden feirar vi Frida Rusti – ein kunstnar med eit vakent blikk for menneske og omgjevnader. Rusti (1861–1963) var i si tid ein markant kunstnar med eit liv som spente frå tyske kunstmiljø til vestnorsk kulturliv. I utstillinga «Frida Rusti: Eg målar i draume» får publikum sjå fragment av eit svært langt kunstnarliv som såg menneske og kvardagsmotiv med ein uvanleg kombinasjon av presisjon, varme og uthald. Utstillinga løftar fram både kunstnarskapen hennar og posisjonen som kvinneleg og utanlandsfødd kunstnar i ein norsk kunsttradisjon der slike stemmer ofte har vore ute av fokus.
Etter opninga held kvelden fram med DJ, dansegolv og god stemning i museet. Kom for kunsten – bli for festen!
Program for kvelden
18:30 Dørene opnar, velkomst med aperitiff
19:00 Offisiell opning. Konferansier er museumsleiar Mayra Henriquez. Tale ved kurator Kristine Kolrud og opningstale ved Irene Kinunda Afriyie
Utstillinga opnar
Open bar og musikk ved DJ Thea Lovise Sørfonden Vie
22:00 Museet stenger
// Gratis inngong //
Merk: Opninga går føre seg i ein mellombels nedstrippa 1. etasje grunna oppussing – men vi lovar ei hyggeleg stemning i litt uvante, og kanskje ekstra inspirerande, omgjevnader. Velkomen!