Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
nordfjord-folkemuseum/img-3427-kopi-2.jpg.
Publisert 11/05/2023
Av Ingvild Førde

Husflidssøndag

Søndag 7.mai var det museumssøndag på Nordfjord Folkemuseum. Temaet denne gongen var husflid!

Kvart år i mai inviterar museet til arrangement knytt opp mot nasjonaldagen, og temaet for årets museumssøndag var husflid.

Ute i Moritsstova var det i anledningen kursing i både karding og spinning av ull, og hosebandfletting saman med museumspedagog Trine Anette Fostervold. Dei besøkande fekk høve til å prøve seg på ull frå lokale sauer, og fekk spinne på både handtein og rokk. Fostervold hadde òg laga i stand eit kurs i hosebandfletting, der ein fekk legge opp trådar, opplæring i sjølve flettinga og sjølvsagt ta med seg arbeidet heim.

nordfjord-folkemuseum/img-3425-kopi-1683813927.jpg.
Hosebåndflettingsstasjon i Moritsstova. Foto: Ingvild Førde, Nordfjord Folkemuseum.

Eit hoseband er det du finn rundt knea på herrebunaden her i Nordfjord, forteljer museumspedagogen. Når ein skal flette slike band treng ein ullgarn, gjerne to- eller tre-tråds garn, og her i Nordfjord er er det grønt, rødt og kvitt garn som er brukt. Funksjonen til hosebanda er å halde knestrømpene oppe når ein går med bunaden.

Inne i kafeen hadde museumsvert Ingvild Førde stasjonar der ein kunne veve seg ein nøkkelring på kabylsk vev, og prøve seg på tradisjonshandverket hakking.

nordfjord-folkemuseum/img-3398-kopi.jpg.
Tradisjonshandverket hakking er ukjent for dei fleste, men er ein enkel teknikk å lære seg. Foto: Ingvild Førde, Nordfjord Folkemuseum.

Hakking, også kjent som tunisisk hekling, er ein teknikk mange her ikkje kjenner til i dag, forteljer museumsverten. Det kan minne litt om vanleg hekling, men i stadenfor ein liten heklekrok så brukar man ein lang heklekrok, og ein aukar og fell masker med denne. Er du interessert i å lære meir om teknikken, så ta kontakt med museumsverten neste gong du er innom museet!

Denne dagen var det også omvisning i årets utstilling Dyrebar, saman med museumspedagog Trine. For å lese meir om utstillinga, kan du klikke her.

Neste museumssøndag blir 2.juli med temaet attåtnæringar, følg med på nettsidene eller i våre sosiale medier-kanalar for meir informasjon!