Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
Eit skrin med gamle pengesetlar på eit trebord i eit lafta hus. Bak skrinet står eit par gamle krykker i tre inntil ein vegg og eit skåp.
Publisert 30/03/2023
Av Ingvild Førde

Påskekrim og aktivitetar på Nordfjord Folkemuseum

Ei formue er forsvunne, klarar du å finne den att før det er for seint?

Søndag 2. april kl. 11-15 inviterer museet på trivelege påskeaktivitetar for heile familien. Ute i friluftsmuseet finn du årets påskekrim, ein interaktiv rebus kor ein må finne og studere spor for å løyse eit mysterium. Ei øskje med ei formue i pengesetlar er forsvunne på garden Jølet, og familien treng di hjelp til å finne pengane og avsløre kven som tok dei! Rebusen passar til dei litt eldre borna så vell som dei vaksne og den samla familien.

Forfattaren bak årets påskekrim er museumspedagog Trine Anette Fostervold, som gjentar suksessen frå i fjor på den fiktive garden Jølet i friluftsmuseet.

I år gjer vi krimrebusen enda meir intrikat, så det blir spennande å sjå om folk greier å løyse han!

Museumspedagogen står bak ein gjennomsiktig monter med mange små, rare medisinflasker.
Museumspedagog Trine Anette Fostervold gledar seg til å lose publikum gjennom årets påskekrim.

Inne på museet blir det aktivitetar som passar til både store og små, med påskeverkstad og ein kan lære ulike typar fletta og vevde band.

Du har også høve til å sjå årets utstilling Dyrebar, som handlar om kor viktig dyret var som ressurs før i tida.

Kafeen held ope med sal av kaffi og noko godt å ete.

Krimrebusen og påskeverkstaden vil halde fram måndag, tysdag og onsdag i påskeveka. Opningstider kl. 11-16.