Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
Ei gammal kleskiste, med påskrift 1887 i bakgrunn, i forgrunn står ein trearma lysestake.

Påskekrim: Lysestaken som forsvann

Ein tjuv luskar i skuggane. Eit uvurderleg arvestykke er borte. Kven i bygda kan ha stole Karen sin kjære lysestake?

Denne påska har vi igjen eit mysterium i friluftsmuseet – og vi treng dyktige detektivar til å nøste opp i gåta og hjelpe bondekona Karen med å finne att lysestaken.

Karen oppdaga at lysestaken var forsvunnen då ho skulle pynte stova til påske. Den var ikkje berre verdifull – den hadde gått i arv i generasjonar og bar på minner frå fortida. No er den borte.

For å finne sanninga tek Karen turen ned i bygda. Ho må grave i hemmelegheiter, stille dei rette spørsmåla og ikkje minst: finne ut kven som lyg. For fleire i bygda har både motiv og høve...

Kan du hjelpe Karen med å avsløre tjuven?

Karakterane i årets påskekrim

nordfjord-folkemuseum/18.jpg.
Karen

Karen er bondekone på Jølet gard. Her bur ho saman med ektemannen sin, dei to sønene Hans og Per og terna Marianne.
Ho er ikkje redd for å stille vanskelege spørsmål og nøler ikkje med å gå rett på sak. Nokon i bygda veit noko – og ho skal finne ut kva!

nordfjord-folkemuseum/design-uten-navn-(4).png.
Marianne

Marianne er terne på Jølet gard. Ho kjem frå nabobygda og flytta heimanfrå etter konfirmasjonen for å gå i teneste. Ho hjelpe til med den daglege drifta på garden og lærer av Karen korleis ho skal bli ei god husmor. For arbeidet får ho kost og losji, i tillegg til litt lommepengar.

nordfjord-folkemuseum/design-uten-navn-(6).png.
Lensmann Jakob

Jakob er lensmannen i bygda. Han held orden på det som skjer og ser til at folk oppfører seg. Sidan han tok over jobben, har talet på straffesaker gått drastisk ned, så det er ikkje så mykje for han å gjere lenger.

nordfjord-folkemuseum/5.png.
Postmann Andreas

Andreas er bygda sin postmann og held til på postkontoret. Han har god oversikt over alle som bur i bygda og kva som skjer. Til sommaren skal han gifte seg med frøken Kristine, som er lærarinne på folkeskulen.

nordfjord-folkemuseum/2.png.
Frøken Kristine

Kristine er lærarinne i bygda og elskar jobben sin, for hennar lidenskap er å lære bort kunnskap til borna. Men dessverre kan ho ikkje halde fram med å arbeide på skulen etter ho er gift. Til sommaren skal ho gifte seg med Andreas, men kan ho verkeleg gå frå alt ho har bygd opp?

nordfjord-folkemuseum/13-1710511409.png.
nordfjord-folkemuseum/11.png.
Hans og Per

Hans og Per er sønene til Karen. Hans er eldst og odelsgut på Jølet gard. Han arbeider hardt og flittig for å vere klar til å ta over garden når tida er inne.

Per er den yngste broren. Han har alltid mange idear om kva han skal gjere når han flyttar heimanfrå, og han drøymer om å bli suksessrik. Men først må han finne ut kva han faktisk vil arbeide med.

I Karen sine auge kan gutane hennar ikkje gjere noko gale. Men er dei kanskje ikkje så uskuldige som ho trur...?