Velkommen til påskedagar på Nordfjord Folkemuseum!
Museet held ope frå 13. april (palmesøndag) til onsdag 16. april kl. 11-15, med familieaktivitetar og spennande krimmysterium.
Påskekrim
I tradisjon tro blir det òg i år arrangert påskekrim på museet. Vi treng hjelp av våre unge detektivspirar som kan finne tjuven på Jølet gard.
Påskekrimmen passar for dei litt eldre borna, så vel som dei vaksne og den samla familien. Det er ikkje eit fokus på å gjere det skummelt, men heller fokus på å leite etter spor for å løyse mysteriet.