Velkomne til Nordfjord Folkemuseum si nyaste utstilling, Attåt. Der friluftsmuseet viser det førindustrielle bondesamfunnet og livet på garden, vil denne utstillinga fokusere på ulike attåtnæringar som vi har hatt her i Nordfjord.
Bli med inn i ei reise i jektefarten til Bergen, fiskeværet ute ved kysten, industrien og handelen som blomstra opp på 1800-talet og korleis turismen i Nordfjord har utvikla seg.
Vi viser eit utval av alle dei ulike attåtnæringane som var i Nordfjord på denne tida, og korleis dei har vore med å utvikle regionen.
Utstillinga vil gje deg eit innblikk i ulike manns- og kvinnenæringar. Livet på garden var hardt, og når mennene reiste ut for å finne arbeid vart kvinnene att for å drive garden. Var det forskjell på arbeidet mellom kvinner og menn?
Denne utstillinga er Nordfjord Folkemuseum si nyaste utstilling, og vil vere open heile året.
Utstillinga er open for publikum frå 30.juni 2023.