Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
Grein med rognebær framfor eit stabbur i friluftsmuseet.

Haustprogram 2024

Tidspunkt til
Stad Nordfjord Folkemuseum

Velkomne til årets museumshaust!

I år har de mykje spennande i vente her på museet! Vi byr på spennande og lærerike foredrag og aktivitetar som passar for både store og små.

nordfjord-folkemuseum/arsplan-2024.jpg.

September

I september er det Matamål - ein 15 dagar lang matfestival på Sandane i Gloppen kommune, som fokuserar på lokalprodusert mat frå heile Vestlandet. Søndag 22. september blir det foredrag på museet med Kari Støfringsdal, som vil snakke om mattradisjonar og by på smaksprøver. Etter foredraget blir det omvisning i utstilla Dyrebar, som handlar om ressursutnytting av dyr gjennom tidene.

I anledning Epledagen 24. september og Matamål, inviterar vi alle skular og barnehagar i Nordfjord på Epleveka. Her får borna høve til å sjå ulike eplesortar i frå museets eigen eplehage, og dei får prøve å lage sin eigen eplemost.

29.september får vi besøk av forfattar Bjørn Sverre Hol Haugen med foredraget Søvnens tekstilar.

Bjørn Sverre Hol Haugen har skrive boka «Søvn – ei kulturhistorie» (2022), der han tek oss med attende til 1700-talet, både til bygd og til by, og sjå kor ulikt søvnen har arta seg. I foredraget vil han fokusere på tekstilane som har vore knytt til søvn, både på kropp og i hus. Denne dagen kjem vi også til å finne fram åkler og ryer frå samlinga til Nordfjord Folkemuseum.

Oktober

I veke 40 er det haustferie her i vest, og vi inviterar til haustferieaktivitetar for born og unge i friluftsmuseet. Besøk våre antikvariske bygningar, sjå utstillingane våre Dyrebar og Attåt, og det blir aktivitetsstasjonar inne og ute. Museet held ope frå måndag-fredag kl. 11-16.

20.oktober får vi besøk av forfattar Dag Inge Korstad med foredraget Ein kald krigar døyr. Historia om jagerflygaren og luftetteretningsoffiseren Ola Dan Eides mystiske dødsfall har vakt stor interesse over heile Noreg. Natt til 15. november 1963 vart Eide funne livlaus på rommet sitt på befalsforlegning G ved Bodø hovedflystasjon, og kva som skjedde med den utflytta glopparen er eit mysterium.

November

10.november er det bladslepp for årets Jul i Nordfjord. I år får ein lese om lokale spelemenn, stadsnamn, kunst og kultur, og artiklar om juletradisjonar. Fullt program for bladsleppet kjem i løpet av hausten.

Desember

8.desember er det klart for årets siste museumssøndag, og vi inviterar til juleaktivitetar for store og små. Friluftsmuseet blir pynta med historisk julepynt, vi stiller med juleverkstad og det blir omvisning i juletradisjonar. Og kanskje kjem nissen?

Planlegg besøket ditt

Opningstider

31. august — 20. desember
Tysdag-Fredag: 11-16

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Born 0–17 år: 0 kr
  • Student/Honnør: 90 kr
  • Årskort MiSF: 390 kr

Her er vi

Nordfjord Folkemuseum
Gota 16
6823 Sandane