SAMAN – eit historisk perspektiv på familien
Søndag 9. februar, på sjølvaste morsdagen, opnar museet si nye temporære utstilling. Val av opningsdato er ikkje tilfeldig, for tema for utstillinga dette året er familie og hushald i eit historisk perspektiv.
Ammer frå Sunnfjord
Denne søndagen får vi besøk av historikar Kristine Ness. Ho er konservator på Sunnfjord Museum, og har forska på eit historisk utbreidd, men lite kjend fenomen, nemleg ammene. Dette var kvinner som amma borna til andre kvinner. Dei overtok om mor til bornet døydde, reiste bort, eller ikkje sjølv hadde morsmjølk. I Bergen var ammer frå Sunnfjord spesielt ettertrakta. Dette har Ness fordjupa seg i og vil fortelje om denne søndagen.
På 1700- og 1800-talet var det ikkje uvanleg at kvinner tente som ammer for rike familiar sine barn. Ness har gått inn på kvifor gifte koner reiste frå mann og barn for å ta arbeid i Bergen, og korleis samfunnet rundt dei oppfatta det. Ness har tatt utgongspunkt i livet til Marte Movik, som levde på husmannsplassen i Movika som i dag er ein del av samlinga på Sunnfjord Museum.