Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
nordfjord-folkemuseum/bilde-fly.jpg.

Museumssøndag - Ein kald krigar døyr

Tidspunkt -
Stad Nordfjord Folkemuseum

Velkomen til museumssøndag på Nordfjord Folkemuseum

Kva skjedde i Bodø novembernatta 1963?

Museet gledar seg til å presentere eit skikkeleg true-crime mysterium og vi får besøk av forfattar Dag Inge Korstad som skal snakke om boka En kald kriger dør - mysteriet Ola Dan Eide. Foredraget startar kl. 13.00

Boka handlar om Ola Dan Eide, odelsguten frå Eide på Sandane i Gloppen, som utdanna seg til jagarflygar og seinare til luftetterretningsoffiser, og som døydde under mystiske omstendigheitar i den kalde krigens mest dramatiske tid. Norske angrepsplanar mot sovjetiske mål, taktiske atomvåpen og spionasje er bakteppe for historia denne søndagen.

Ola Dan Eide budde og arbeida i Bardufoss då han natt til 15. november 1963 vart funne død på rommet sitt ved Bodø hovudflystasjon. Dødsfallet verkar å ha skjedd under svært mystiske omstende.

nordfjord-folkemuseum/bilde-4.jpg.
Gerd og Ola Dan Eide.

Heime i Bardufoss venta kona Gerd Eide på telefon frå Ola Dan. Seint om natta får ho den knusande nyheita om at hennar mann er funne død. Gerd fortel aldri sanninga, ikkje eingong til parets eiga dotter Berit. Etter kort tid legg politiet saka vekk. Historia om Ola Dan Eide og det mistenkelege dødsfallet blir gløymt - nesten.

Gerd Eide døyr i 2014. For Berit Eide Skjørtvedt blir moras bortgang starten på jakta etter si eiga historie.

nordfjord-folkemuseum/img_2732.jpeg.
Dag Inge Korstad (f. 1970) gav ut boka om mysteriet Ola Dan Eide i 2024.
Om forfattaren

Dag Inge Korstad har arbeida i Luftforsvaret sidan 1990. Han har si militære utdanning frå Luftkrigsskolen og ein mastergrad frå Forsvarets Høgskole, samt sivil utdanning frå Norges teknisk-naturvidenskapelige universitet (NTNU) innan historie og samfunnskunnskap. Han har dei siste åra forska og fordjupa seg i norsk luftmilitær historie, særleg frå byrjinga av den kalde krigen. Han har tidlegare delteke som medforfattar i ulike fagbøker. Dette er den fyrste sjølvstendige utgivelsen hans.

Museet og kafeen er ope frå kl. 12.00-15.00 denne dagen, og det vert høve til å sjå utstillingane Dyrebar og Attåt. Les meir om utstillingane her:

Planlegg besøket ditt

Kjøp billett

Opningstider

31. august — 20. desember
Tysdag-Fredag: 11-16

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Born 0–17 år: 0 kr
  • Student/Honnør: 90 kr
  • Årskort MiSF: 390 kr

Her er vi

Nordfjord Folkemuseum
Gota 16
6823 Sandane