Vi gjentar suksessen frå i fjor, og ynskjer dykk velkomne til årets påskekrim! Møt garden Jølet der noko mystisk har skjedd. Eit skrin med pengar har forsvunne, klarar du å finne dei att før det er for seint?
Inne blir det aktivitetar der du kan blant anna få lage påskepynt, prøve å karde og spinne ull, og flette ditt eige band på kabylsk vev.

Du kan også sjå årets utstilling Dyrebar, som handlar om korleis vi har nytta dyra som ein ressurs gjennom tidene.
Museumsbutikken held ope heile dagen og i kafeen er det påskestemning.
Årets påskekrim har anbefalt alder 10 år og oppover. Aktivitetane inne passar for alle aldersgrupper.