Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
Guide med ei gruppe mennesker på omvisning i friluftsmuseet. I bakgrunnen ser vi hus frå 1800-talet, med gresstak og lafta veggar.

Omvisning

Stad Nordfjord Folkemuseum

Har du vore på museet og kunne ønskt du kunne lære meir om gjenstandane våre, husa våre eller utstillingane våre? Vi tilbyr omvising heile året for grupper, organisasjonar og privatpersonar som ønskjer å lære meir om Nordfjord si rike kulturhistorie.

Omvisningane er tilgjengeleg etter avtale.

Vaksne og born på omvising i friluftsmuseet på Nordfjord Folkemuseum.
I friluftsmuseet har vi 44 kulturhistoriske bygningar, mange av desse er det mogleg å kome inn i på omvisning.

På Nordfjord Folkemuseum kan du utforske stover og stabbur, eldhus, låver og fjøs, stall og støyl, hunde- og hønsehus, ei skulestove og jamvel eit fargeri!

Sollys i kammerset i Moritsstova.
Sommarstemning i Moritsstova, ei lafta stove frå Rygg i Gloppen, bygd i 1861.

Du kan også tinge eit besøk på Holvikejekta, den einaste bevarte klinkebygde jekta frå 1800-talet i landet. Holvikejekta var Nordfjord Folkemuseum sin første gjenstand, og har stått på land sidan 1906. Det nye verne- og formidlingsbygget til Holvikejekta opna 6. juni 2025. I utstillingane fokuserar vi på jekta og historia rundt jektefarten til Bergen, samt historia bak nordfjordbåten.

Fire mennesker som snakker med en guide, i bakgrunnen ser vi en stor båt.
Holvikejekta er ei av omvisningane vi tilbyr etter avtale.

For å tinge omvisning eller om du har spørsmål, ta kontakt med oss på e-post via museumspedagog Karoline Stubberud Eide.

Karoline Stubberud Eide
Museumspedagog

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. september — 23. desember
Tysdag-fredag kl. 11-16

Prisar

  • Vaksne: 130 kr
  • Born 0–17 år: 0 kr
  • Student/Honnør: 100 kr
  • Årskort MiSF: 430 kr

Her er vi

Nordfjord Folkemuseum
Gota 16
6823 Sandane