Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
nordfjord-folkemuseum/BRUK-Plakat-AOM.jpg.

"Båtar og liv i blåe djup" - Fotoutstilling

Tidspunkt til
Stad Nordfjord Folkemuseum

Vi er vande til å sjå livet i fjorden ovanfrå og ned, men korleis blir det når ein sette kamera under vatn? Dette er noko fotograf Atle Ove Martinussen har arbeida med i over 20 år, og har blitt vist på utallige utstillingar rundt omkring i landet. Og no er turen kome til Sandane, med utstillingsopning torsdag 16.juli.

"Båtar og liv i blåe djup"

Fotoutstilling i Frislidlada på Nordfjord Folkemuseum.

«Båtar og liv i blåe djup» er ei utstilling som viser det mektige livet som finst under havoverflata. Tittelen er inspirert av diktet «Havet» av Olav H Hauge. Her kan publikum bli med på ei reise under vannoverflata, både i norske og internasjonale hav og fjordar.

Undervannsfotografering på Hestenesøyra
I fjor vinter var Martinussen her og fotograferte nordfjordfæringar frå fjordbotnen ved  Hestenesøyra. Nordfjordbåtlaget var til stades og stilte på med både båtar og folk, og rodde tolmodig fram og tilbake medan Martinussen filma.

I utstillinga får ein sjå både nordfjordbåtar og oselvar, som er klinkebygd tradisjonsbåt på same måte som nordfjordbåten, men med opphav frå ytre Hordaland, nærmare bestemt Bjørnefjorden og Lysefjorden. Her vil også vere bilde av anna liv i havet, både frå kalde og varme farvatn.

Allsidig fotograf
Gjennom mange år som undervannsfotograf har Atle Ove Martinussen reist verda rundt og fanga desse liva gjennom kameralinsa. Martinussen har tidlegare vore museumsleiar for museumssenteret i Hordaland, og er no leiar for Vestnorsk kulturakademi, som tek vare på, formidlar og arrangerer kurs og utdanning innan vestnorsk kulturarv. Han har tidlegare stilt ut på fleire galleri og museum rundt om i landet, og ein kan sjå nokre av hans verk på Norsk Maritimt Museum i Oslo, både i utstillinga «Oppdag havet» som opna i 2021, samt fotografi som heng i Båthallen som har nettopp opna.

Utstillingsopning 16.juni kl. 19.00
Utstillinga har vore planlagt det siste året, men grunna pandemi har den blitt utsatt det siste året, og no gledar vi oss til å endeleg vise den fram for publikum! I utstillinga får ein sjå verk som har vore stilt ut tidlegare, men det er òg mange nye verk som vil bli stilt ut for anledninga. Martinussen legg stor vekt på fargar, diagonalar og utsnitt, som gjev bilda eit kunstnerisk preg.

Martinussen vil vere til stades på opninga, og vise rundt i utstillinga og fortelje om bilda. Det vil òg vere mogleg å kjøpe bilda som er utstilt. Utstillinga vil stå oppe i heile sommarsesongen fram til september, og vil vere ein del av alt det spennande ein kan oppleve på Nordfjord Folkemuseum i sommar. På opninga vil det vere musikalsk innslag ved Trine Anette Fostervold og Storm Vålbekk Gimmestad.

For meir informasjon, ta kontakt med museet eller fotograf Atle Ove Martinussen (+47 90 36 89 90 / atleove58@gmail.com)

nordfjord-folkemuseum/atle----the-diver-1655284180.jpg.
Foto: Atle Ove Martinussen

nordfjord-folkemuseum/raw---nordfjordbat.jpg.
Foto: Atle Ove Martinussen