Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
Fasaden til Norsk Reiselivsmuseum under nattehimmelen.

Om museumstilbodet

«Ei ekte oppdagingsreise består ikkje i å finne nye landskap, men å sjå med nye auge», sa Marcel Proust. Norsk Reiselivsmuseum tilbyr ei læringsreise om dei som reiste, til deg som reisande i dag.

I den vakre bygda Balestrand ligg eit av svært få museum på verdsbasis, som tematiserer utviklinga av moderne turisme: Norsk Reiselivsmuseum. Museet presenterer norsk reiselivshistorie, der Balestrand har spelt ei viktig rolle.

Museet byr på spanande arkitektur frå ulike epokar. Eit særeige og moderne museumsbygg står ved sida av eitt av bygda sine historiske drakestilshus. Saman huser desse bygga 5 fascinerande utstillingar. Dei synlege og ekte fjell­­­veggane inne i bygget dannar unike utstillingsrom som samla skildrar reise­­livet si kultur­­hi­­storie i Noreg.

Norsk reiselivsmuseum tilbyr også filmframvising i auditoriet, eit rikt bibliotek og guida turar gjennom utstillingane våre og i Balestrand sentrum. Gjester kan òg nyte ein forfriskande pause i Vindreken Café 

Hjarteleg velkomne til oss!