Sunnfjord Museum
Plakat om hare heng på eit tre. Dyrefigurar i bakgrunnen.
Publisert 04/06/2026
Av Nina Renate Brendsdal

Dyreløypa tar ein pause

Dyreløypa er ei natur- og kulturhistorisk vandrerute mellom museet og Mostien, der ein lærer om ulike dyr i norsk natur. Ein føl stien frå friluftsmuseet mot stølen, og møter postar undervegs i stien med dyrelydar, faktaark og dyrefigurar.
I 2026 tar Dyreløypa ein pause, og vi håpar å kunne presentere ei nyoppussa løype i 2027!

Sjølv om Dyreløypa tar ein liten pause, er stien framleis åpen for fri ferdsel. Hugs å lat att grindar og at det er lovbestemt bandtvang for hundar i perioden 1. april til og med 20. august.

God tur!