Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Logo Bornas verdensdagar Førde.
Publisert 21/11/2023
Av Marie Nicolaisen

Møt oss på Bornas Verdsdag!

Laurdag 25. november møter du oss på Førdehuset og Bornas Verdsdag Førde. Hjå oss kan du prøve deg på nålefilting og fletting!

For andre året på rad deltek vi på Bornas Verdsdagar i Førdehuset.

Bornas Verdsdagar er eit arrangement i regi av Førdefestivalen, og er ein familedag med gratis verkstadar, og aktivitetar. I år kan barna som deltek mellom anna prøve seg på magedans, trommer, bluegras og fele.

Hjå oss kan du nålefilte og flette snorer. Nålefilting er ein populær aktivitet hjå oss, og som vi er veldig glad for å ta med oss ut av museet. Det er ein aktivitet som passar for små og store barn, men dei minste treng kanskje litt hjelp.

For å lage fletter kan du prøve deg på den japanske teknikken kumihino.

Håpar å sjå deg i Førdehuset! Du finn programmet for dagen her.

I fragrunnen nålefilting. Fire barn og ein vaksen i midten. i bakgrunnen utstillingsrom.
Nålefilting på Sunnfjord Museum