Kvelden 13. juni vert Førde sentrum fylt med kultur, musikk og aktivitetar – heilt gratis og ope for alle!
Sunnfjord Museum stiller med stand på Rådhusplassen, under rådhustaket, frå kl. 17.00 - 21.00. Her kan du høyre meir om Sunnfjord Museum og Musea i Sogn og Fjordane. Vi fortel deg gjerne kva vi jobbar med og om kva du som besøkande kan oppleve på museet i sommar, og tida framover.
Vi diskar opp med aktivitetar som fletting, veving og leiken "Gjett gjenstanden".