Sunnfjord Museum stiller med stand på Rådhusplassen,
på Kulturnatta i Førde, 5. juni 2026, 18.00 - 21.00
Kulturnatta i Førde er ei stor kulturoppleving der over 500 frivillige lag og utøvarar stiller opp for å skape ein kveld full av musikk, kunst, aktivitetar og gode opplevingar for alle! Dette vil du ikkje gå glipp av!
På standen til Sunnfjord Museum møter du museumspedagog Nina og museumvert Knut Arild. Her kan du mellom anna flette armband, prøve grindveving og delta på gjetteleik.
Museet feirar 100 års jubileum i 2026, og på standen kan du høyre meir om dei nye utstillingane våre, og programmet for sommaren.
Vi gler oss til å møte deg på Kulturnatta!