Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/nykulturnatt-2023.png
Publisert 02/06/2023
Av Marie Nicolaisen

Møt Sunnfjord Museum på kulturnatta i Førde 9. juni!

For fyrste gong deltek Sunnfjord Museum på Kulturnatta i Førde! Fredag 9. juni møter du oss på Langebrua.

Sidan 2018 er det arrangert Kulturnatt i Førde. I år kan du oppleve buskspell, badstu og black metal, kunst, kor og korps, film, fløyte og folkemusikk. Nesten 300 er i sving for å by på kulturelle og gratis opplevingar heile kvelden.

Sunnfjord Museum finn du på Langebrua mellom 18.00 -21.00. Vi tek med oss hanverksaktiviteter og informasjon om du vil høyre meir om kva som skjer hjå oss i sommar.

På kulturnatta er det fleire hendingar parallellt. Sjekk ut programmet og lag ditt heilt eige - og stikk innom oss på vegen til eller frå.