Tidspunkt:
Måndag 25.- onsdag 27. mars. 10.00 -15.00
Pris:
Vaksne 120 kroner
Student/honnør 90 kroner
Barn: Gratis
Har du tenkt å besøke oss fleire gonger i år? Hugs at du kan kjøpe årskort som går til alle musea til Musea i Sogn og Fjordane!
Hjelp Pia å finne igjen osten!
Hjelp! Det er ein tjuv på Sunnfjord Museum! Stabbursmusa Pia har oppdaga at nokon har tatt osten hennar! Kven er den frekke ostetjuven? Bli med rundt i friluftsmuseet og hjelp Pia. Klarar du å løyse mysteriet?
25.-27. mars byrjar påskekrimmen inne i resepsjonen. Du følgjer ei løype i tunet, og alle som løyser krimmen kan kome tilbake å få ein liten premie. Her kan du lese meir om årets påskekrim.
Siste visningsdagar for Skakke folkedrakter
Onsdag 27. mars er siste høve til å få med seg utstillinga Skakke folkedrakter - ikkje ei draktutstilling. I utstillinga har seks samtidskunstnarar utforska, og utfordra, draktskikkar, identitet og handverkstradisjonar. Resultatet er eit opprør så vel som ein hyllest. "Selv om «Skakke folkedrakter» er en liten utstilling, går jeg ut med en følelse av å ha opplevd utrolig mye – sterke verk, interessante tanker og vanskelige spørsmål! Dette er en utstilling jeg varmt anbefaler." skriv Mona Pahle Bjerke om utstillinga i anmeldelsen sin.
Som del av utstillinga er det også eit eige flettebord der store og små kan prøve seg på ulike fletteteknikkar, og som del av verket "Ny norsk folkemusikk" kan du prøve å lage støymusikk!
Aktivitetar i tunet for heile familien
I tillegg til årets påskekrim og Skakke folkedrakter har vi også laga til fleire aktivitetar i tunet. I Huus-stova kan du veve, teikne og spele brettspel. I Halbrendhuset kan du lage påskekyllingar eller anna påskepynt av klesklyper. Ute ser vi som vanlig også ut uteleiker.
Feir den internasjonale vaffeldagen!
Måndag 25. mars er den internasjonale vaffeldagen! Dette er til minne om dagen jomfru Maria fekk bod om at ho var gravid med Jesusbornet. Dagen vart feira med kake, og etterkvart vaflar. I år kan du kjøpe vaflar hos oss, vi sel også andre kioskvarer. I museumsbutikken finn du også leiker, bøker og andre varer.