Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Frå husflidsmesse. Besøkande og utstillarar i løe.
Publisert 18/06/2024
Av Marie Nicolaisen

Vil du stille ut på Handverks- husflidsmessa i september?

Saman med Midtre Sunnfjord Husflidslag arrangerer Sunnfjord Museum Handverks- og husflidsmesse i september kvart år. Det er framleis høve å bli med!

Midtre Sunngjord Husflidslag og Sunnfjord Museum har arrangert handverks-og husflidsmesse sidan 1990 - talet. Messa er ei salsmesse, men også ein møteplass for handverks- og husflidsinteresserte med ein variert bakgrunn. Mange utstillarar kjem attende i fleire år, men kvart år tek også nye turen.

Ullprodukt. Strikka og tova vottar i mange fargar.
Messenemnda ynskjer seg ei messe med variert utval av kvalitetsprodukt!

I 2024 blir messa arrangert laurdag 7.- sundag 8. september. Messestaden er nede i tunet og fleire av dei antikvariske husa i friluftsmuseet blir nytta og gjev ein særskilt stemning.

Mange av årets utstillarar er på plass, men det er framleis plass til fleire! Målet er eit variert utval av kvalitetsvarer. Det er opent for både gamle tradisjonsvarer, og nytt design og teknikkar!

Har du lyst til å stille?

Leige av stand
500 kr
400 kr (medlem av Noregs Husflidslag)
Prisen gjeld for begge dagane.


Kvar stand er ca 2 meter. Treng du ekstra plass, kan du legge inn dette i påmeldingsskjemaet. Ekstra plass er avhening av kapasitet i lokala og vil ha ein ekstra kostnad.

Påmelding og kontaktinformasjon

Ynskjer du å stille, melder du deg på til Midtre Sunnfjord Husflidslag.

Fyll ut påmeldingsskjemaet og send dette på e-post til Åse Dyregrov Midtun: ase.dyregrov.midthun@enivest.net

Har du spørsmål knytt til sal, ta kontakt med Midtre Sunnfjord Husflidslag ved Åse Dyregrov Midtun.

Har du spørsmål om museet og lokala, ta kontakt med Sunnfjord Museum.