Vi ynskjer velkomen til den siste aktivitetsdagen denne sommaren, og du kan bli betre kjend med det viktige råmaterialet; ull.
I Huus-stova (følg skilt i tunet) vil Museumspedagog Nina vise deg korleis du kan karde ull, og spinning på rokk og handtein. I stova kan du også prøve nålefilting, ein teknikk der ein nyttar ei nål til å karde og forme ulla. Lag deg ein fin figur du kan ta med heim!
Klokka 13.00 og kl. 15.00 kan du bli med museumsvert på omvising inn i nokre av dei antikvariske husa. Her får du høyre om museet, og får innblikk i korleis kvardagslivet var på Sunnfjordbygdene på 1800-talet.
Vi har også andre aktivitetar på museet denne dagen.
Du kan:
Kverne korn med handkvern i eldhuset. I eldstova ligg det teiknesaker og fargeark.
Prøve uteleikar som ringspel og stylter
Kikke inn i kvernhuset og stabburet.
Besøke Movika Landhandel og skomakarverkstad.
Prøve å bære vatn med ein vassele
Lage leikebåt nede med vatnet (arbeidsstasjon attmed vognhuset). Verktøykasse og sett til bygging får du i resepsjonen.
Hjartleg velkomne!