Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
I framgrunnen ber ei jente på ein vassele. Dame og gut i bakgrunnen.

Familiedag

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord museum

Vi inviterer til sesongens siste familiedag, og siste dag med helgeope museum.

Denne familiedagen set vi fokus på ull, og du kan mellom anna vere med å karde, nålefilte, og spinne på rokk og handtein.

Program:

  • Kl. 12-16, Huus-stova: Aktivitet med ull som nålefilting, karding og spinning.

  • Kl. 13: Familieomvising i Østenstadstova. Tema: Folketru


    Heile dagen:

  • Uteleikar i tunet og rebusløype

  • Eldhuset: Prøv å kverne korn med handkvern

  • Lag leikebåt

  • Utstillingssalen: Teiknesaker, veving og fletting.

I museumsbutikken får du kjøpt vaflar, kaffi, is og andre kioskvarer. Vi har også flotte varer som bøker, gåveartiklar, tradisjonelle leiker, og handverksprodukt laga i Noreg.

Hjartleg velkommen!

Nålefilta figurar i forskjellige fargar ligg på eit bord.
Nålefilting er ein av aktivitetane du kan prøve på familiedagen 1. september.