Lag ei sponkorg på årets første familiedag, på Sunnfjord Museum!
Vi inviterer til familiedag der born frå 10 år og oppover kan lage seg ei sponkorg. Heilt gratis!
Barnet må ha ein føresett med seg som må løyse vanleg inngangsbillett på kr. 130 (vaksen) eller kr. 100 (honnør/stud.).
Mini-kurset skjer i verkstadbygget på Sunnfjord Museum. Korgmakarane Hege Iren Aasdal og Samson Øvstebø viser borna korleis dei kan flette si eiga sponkorg.
Det blir lagt opp til to mini-kurs denne dagen:
kl. 12.00 – 14.30
kl. 14.30 – 17.00.
Det er plass til 8 born på kvart mini-kurs, og det er første mann til mølla!
I tillegg til mini-kurs i sponkorg på verkstaden, har vi også andre aktivitetar på museet denne dagen.
I Halbrendhuset kan du kjøpe kaffi, saft og noko å bite i, og museumsbutikken er open som vanleg.
