Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Tre små vevar, veva på rundvev. Fargar i kvit, lilla og burgunder.

Familiedag: veving og fletting

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord Museum

Søndag 3. mars, kl. 11.00-15.00 blir det familiedag der du mellom anna kan flette, veve og nålefilte.

Program for dagen:

  • I Huus-stova kan du veve på sirkelvev og prøve nålefilting. Vilde viser teknikken med å veve på brikkevev.

  • I verkstaden kan du komme inn og sjå kva deltakarane på kurset "knutekorg og tægerbinding" arbeider med. Kursleiarane svarar gjerne på spørsmål. (NB: det er ikkje høve for publikum å lage noko på verkstaden denne dagen. Vi ber om at maskiner og verktøy får vere i fred og at born er i følge med vaksne.)

  • kl. 13.00: Omvising i utstillinga "Skakke folkedrakter - ikkje ei draktutstilling" med museumspedagog Nina.

I utstillinga står det eit aktivitetsbord der du kan lage fletter i ulike teknikkar. Du er også invitert til å teste haldningane dine til bunad og koftetradisjonar via meiningsbarometeret EINIG/UEINIG.

Som alltid er det open museumsbutikk med flotte varer, og høve til å kjøpe seg kaffi og noko å bite i.

Velkomen!

Planlegg besøket ditt

Opningstider

3. juni — 1. september
Måndag til fredag 10 - 17
Laurdag og søndag 12 - 17

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/Student: 90 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde