Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
I framgrunnen ber ei jente på ein vassele. Dame og gut i bakgrunnen.

Familiedag

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord museum

Sommaren er her, og det er klart for nye familiedagar på Sunnfjord Museum!

På familiedagane kan du vere med på aktivitetar i tunet og inne, og vi legg opp til læring og leik for heile familien! Vi har omvisingar i tunet og/eller utstillinga som er tilpassa born og familiar.

Dette kan du gjere på Familiedagen:

  • 10.00-17.00: Nålefilting, fletting, veving og teikneaktivitet i utstillingsalen.

  • 10.00-17.00: Leikar og aktivitetar i tunet. Bæring av vassele, kverning av korn eller bygg din eigen leikebåt.

  • 10.00-17.00: Rebus i tunet.

  • 10.00-15.00: Bogeskyting i Sersjantløa

  • 12.00: Familieomvising i skulestova. Bli med på skule i gamle dagar!

  • 14.00 Familieomvisning i Østenstadstova. Etter omvisinga kan du vere med å mate geitene!

I museumsbutikken får du kjøpt vaflar, kaffi, is og andre kioskvarer. Vi har også flotte varer som bøker, gåveartiklar, tradisjonelle leiker, og handverksprodukt laga i Noreg.

Nærbilde av ei hand som held i ein boge og pil. Blink i bakgrunnen.
I Sersjantløa kan du prøve å treffe blink med bogeskyting.

Planlegg besøket ditt

Buy tickets

Opningstider

2. september — 20. desember
tysdag - fredag 10:00 - 15:00
Ta gjerne kontakt på e-post om du har spørsmål utanfor opningstid

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/Student: 90 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde