Måndag 9. og tysdag 10. oktober frå kl. 10.00 til 15.00 inviterer vi til haustferiedagar!
Vi lagar til aktivitetar og uteleikar i tunet for heile familien, ute og inne.
Program for begge dagane:
Bogeskyting i Sersjantløa.
Eldstova: "Gjett gjenstanden", med konservator Kristine.
Eldhuset: Takkebakst med museumsvert Knut Arild.
Huus-stova: Brettspel og teiknesaker.
Verkstaden: Smiing og spikking, arbeid i tre saman med handverkarane Stig og Knut Arve.
Familieomvising i skulestova: Ein skuledag i gamledagar. Korleis var det å gå på skulen på 1800-talet? (omvisingane startar kl. 12 begge dagane, med oppmøte ved stabburet.)
Vi har uteleikar i tunet til fritt bruk.
Utstillinga "Livreddaren" er open, og her er aktivitetsbord der du kan prøve nålefilting, fletting, karding, og spinne på rokk og handtein.
Du finn også Mostien og Dyreløypa, ei natur- og kulturhistorisk vandrerute, med start frå museet. Her kan du lære meir om dyr i den norske faunaen ved hjelp av figurar, dyrelydar og informasjonstavler.
Hjartleg velkomen!