Smettvev er ein gamal tradisjon i Sogn og Fjordane som har hatt ei viktig rolle i liva til kvinner i regionen. Aud Ross Solberg, konservator ved De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, fortel i dette føredraget om vevtradisjonar i Sunnfjord og Sogn frå 1600-talet og fram til siste halvdel av 1900-talet. Ho tek òg for seg vevrenessansane som har kome i desse områda frå slutten av 1800-talet og fram mot nyare tid, og løftar fram liva til kvinnene som skapte si eiga næring og inntening med smettvev.
Dørene opnar kl. 18.30.