I 2025 vart pelsdyrhald forbode. 100 år før var det ei næring i vekst. Denne historia, frå nybrottsarbeid til styrt avvikling, er eit tema kulturhistorikar Anne Kristin Moe Fitje, museumsleiar ved Nordfjord Folkemuseum, held på å fordjupe seg i. Musea i Sogn og Fjordane skal saman med sju andre museum i Noreg dokumentere pelsdyrhistoria. På dette føredraget får du høyre om korleis pelsdyravlen starta i Noreg, og korleis den kom til Sogn og Fjordane. Du får høyre om utviklinga, og til slutt avviklinga av næringa, og prosessen bak forbodet.