Sunnfjord Museum
Bilete viser Annette Langedal Holme med gjenstandar frå fødsel og dåp utstilt på De Heibergske Samlinger. Her er blant anna ei dåpsbleie og ein magisk bjørnelabb som skulle lette fødselen.

Historietime: Pionerkvinner – dei første jordmødrene

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord Museum

På 1820-talet tok unge kvinner frå Sogn og Fjordane eit modig val. Til fots gjekk dei over fjellet til Christiania for å utdanne seg til jordmødre. Dette var dei aller første kvinnene frå vårt fylke som tok ei formell utdanning.

Kven var desse kvinnene? Og kvifor har dei fått så liten plass i historiebøkene?

Føredragshaldar er Annette Langedal Holme, museumsleiar ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Ho presenterer funn frå arkiva og fortel historia om dei første jordmødrene i fylket.

Bilete viser Annette Langedal Holme med gjenstandar frå fødsel og dåp utstilt på De Heibergske Samlinger. Her er blant anna ei dåpsbleie og ein magisk bjørnelabb som skulle lette fødselen.