Velkomen til føredrag om glimrande steinkrossar frå Hyllestad! Av dei kjende steinkrossane som har pryda Vestlandskysten i 1000 år er over halvparten hogne nettopp der. Kunsthistorikar Alexander Asphaug Rauboti er museumsleiar i Kvernsteinsparken, og vil kaste ljos over eit utval kulturhistoriske krossar som har funne vegen frå steinbrot til strategiske stader i vår region. Kva veit vi eigentleg om desse? Kven tinga dei, og kvifor? Kvar finn vi dei i dag? Dette er tema for historietimen på Sunnfjord Museum 6. mars. Vel møtt!
