Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/a.-lindahl-hafstad-hotel-urn_nbn_no-nb_foto_nf_wl_00953.jpg.

Historietime: Turisme i gamle Sunnfjord

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord Museum

Historietimen 8. mai set fokus på turisme i gamle Sunnfjord. Før vi går inn i sommarsesongen og gjer oss klar til å ynskje tusenvis av dagens tilreisande velkomne, vil museumspedagog frå Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand, Mary Ann Menes, ta oss tilbake i tid på ei reise gjennom historier om gamle overnattingsstader, reiseruter og kjøpesterke gjester som reiste til Sunnfjord. Kva søkte dei tidlege turistane som reiste til Sunnfjord, og kva tilbod møtte dei? Vi ser på korleis reisehandbøker frå 1880-talet presenterte område, og kva lokale næringar som vaks fram kring turismen.