Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Kvinne rakar gras med ei rive.

Infomøte: dugnad og frivilligheit på Sunnfjord Museum

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord Museum

Saman er vi sterkare!

Vi inviterer til eit infomøte der du kan høyre meir om moglegheitar til å vere frivillig på Sunnfjord Museum.
Vi har mange spennande planar og behov for sesongen som kjem. Som frivillig hos oss kan du mellom anna vere med å bidra til formidlingsarbeid og støtte til arbeidsoppgåver ute i friluftsmuseet.

Vi ser mellom anna etter deg som ser glede i å

  • arbeide med nytteplantar og blomar i urtehagen vår og i blomsterbed.

  • vise born og unge i handverks- og husflidsaktivitetar som til dømes strikking, spikking, lage leikebåt, seljefløyte mm.

  • hjelpe med raking og rydding av småskog, i friluftsmuseet og turstiar rundt museumsområdet.

  • vere del av eit fellesskap med høve til å delta i ulike prosjekt "bak kulissane" på museet.

Kanskje kan du noko vi ikkje visste at vi trengte? Nyt ein kopp kaffi og noko å bite i, medan du høyrer om våre planar og behov for sesongen som kjem.

Velkomen! Inngang er gratis.