Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Gamal emballasje med hjortetakksalt.

Innsamling av rekvisittar til ny miljøutstilling

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Vi treng di hjelp!

I 2026 opnar Sunnfjord Museum ei ny fast miljøutstilling – ein landhandel! Dette blir ei utstilling der publikum skal kunne interagere med tinga som er utstilt – opne skuffer, kjenne på, og lukte på varer. Vi kjem til å formidle om handel og handelshistorie frå Sunnfjord frå 1800-talet og fram til 1950-talet, med mest fokus på varer i butikken frå 1940- og fram til 1960-talet

I dette høvet treng vi di hjelp med å skape ein landhandel, med ei liknande stemning slik du ser på fotografiet nedanfor.

Svart-kvitt foto som viser interiør i ein landhandel. To kvinner bak disken. Tre kundar i butikken.
Flatenbua i Førde, Sunnfjord. Truleg frå 1950-talet. Ukjent fotograf. Foto frå Facebooksida "Svunnen tid i Førde".


Har du emballasje, boksar, trekasser, øskjer, tre-river, verktøy og varer som museet kan få som rekvisittar til utstillinga?
Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Korleis? Kom til Sunnfjord Museum følgande dagar:

  • Torsdag 5. februar, kl. 15.30-19.00

  • Fredag 6. februar, kl. 15.30-19.00

Vi vurderer det du har med, registrerer gjenstanden/gjenstandane i skjema og kontaktinfo på gjevar.
Dei som gir gjenstandar til utstillinga ønskjer vi å takke med ein gratis billett til museet si sesongopning, 31. mai. Då skal landhandelen opne, og det vert feiring av museet sitt 100-års jubileum.

Om du har noko du ønskjer å gje, må du gjerne tenke over følgande:

  • Kva tid er gjenstanden frå?

  • Kven har brukt den/kor er den frå? Til dømes, om gjenstanden kjem frå ein landhandel i området.

  • Er det nokon spesielle historier knytta til gjenstanden/historikk?

Kva er ein rekvisitt i museumssamanheng?

Ein rekvisitt er ein gjenstand som ikkje vert innlemma i museumssamlinga og bevart for ettertida som ein museumsgjenstand. Som rekvisitt fungerer gjenstanden som eit verktøy i formidlingsføremål og kan inngå i ei miljøutstilling der publikum kan få ta på gjenstanden.

sunnfjord-museum/sum.05692.jpg.
Vi ønskjer emballasje i stort og smått. Her er eit døme på to små øskjer med barberblad, truleg frå 1950-talet. (Frå museet si samling, SUM.05692)