Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Julepynta hus. Husmannsplass. Vidauge er dekt med rim. Mat og lys på bordet.

Jul i Plasstova

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

I stova på husmannsplassen har vi pynta som det kunne sjå ut rundt 1870. Mykje er likt som i Østenstadstova, men noko har endra seg. Også her er det lys, bibel og salmebok, og maten på bordet er framleis svært vesentleg.

Du grønne glitrande tre.

Kanskje mest synlig er at juletreet har kome i hus. Det var ikkje vanlig med juletre Sunnfjord hjå bygdefolk så tidlig , men vi har tatt det med for å vise korleis dei tidlige juletrea såg ut. Kanskje var også juletreet ein skikk Marthe Moviken, som budde i stova på denne tida hadde tatt med seg frå Bergen der ho jobba som amme i fleire år?

På juletrea på slutten av 1800-talet var det vanlig med levande lys, enkle korger av papir og frukt. I korlegen var det vanlig å ha kaker eller tørka frukt. Einer og furu var vanlig juletreslag. I trefattige område veit vi det også blei laga tre med pinnar med hol til å sette greiner i.

Julepynta hus, husmannsplass. Frå høgre: Lite juletre, lys i vindauge over seng og på benk under hylle.
Jul i Plasstova

Porselen, kaffi og sukker

Maten var framleis ein viktig del av julefeiringa. På bordet er det også her graut og smør. Men vi finn også julekaker og kaffikoppar. På slutten av 1800-talet var kjøpevarer som sukker, sirup og kaffi blitt vanlig og vart kjøpt inn til jul. Elles var mykje av maten lik, sjølv om det etter at poteten hadde blitt ein del av det norske kosthaldet blei vanligare med gris til jul. Men, det skulle framleis vera mykje og feit mat.

Både Østenstadstova og Plasstova er pynta til jul. Du kan besøke dei i museet si opningstid, tysdag til fredag 10.00 - 15.00 fram til 20. desember. I utstillingssalen kan du sjå utstillinga Skakke folkedrakter, ikkje ei draktutstilling.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

3. juni — 1. september
Måndag til fredag 10 - 17
Laurdag og søndag 12 - 17

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/Student: 90 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde