Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/torklede.jpg.

Kurs i bundle dye

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord Museum

Kurs i bundle dye med Gitte Midtbø frå Gardsfargeriet!

Sunnfjord Museum ønskjer velkomne til kurs i Bundle dye, med kursleiar Gitte Midtbø.
Bundle Dye er ein teknikk for naturleg farging av tekstil der plantar, blomar eller andre naturmateriale leggast direkte på stoffet og garnet. Stoffet vert deretter rulla saman, pakka stramt og dampast. Dampen gjer at fargane utviklar seg og set seg på stoffet. Det er ein miljøvennleg og kreativ metode som også blir kalla "eco-printing", fordi plantene set avtrykk av farge og form på tekstilet.

På kurset får du som deltakar farge to bomullstørklede og eit 100gr garnhespe. Tekstilane er behandla med ein slags "beis", alun, for at fargen skal feste seg betre. Dette ordnar Gitte med i forkant. Du får eit utval med fargematerial og kan leike deg i fargeprosessen.

Det blir litt teori undervegs.

sunnfjord-museum/gitte-midtbo_garsfargeriet.jpg.
Gitte Midtbø frå Gardsfargeriet er kursleiar. Ho har tidlegare hatt kurs i plantefarging på Sunnfjord Museum.
Påmelding og informasjon

Pris: kr. 1650,- pr. pers. Bindande påmelding. Påmelding skjer via Museumsbillett. Vi opnar for påmelding snarast!

Kursplassar: 10 personar

Tid: ca. 4 timar. Lett servering undervegs.

Nedre aldersgrense: 10 år. Barn under 15 år må vere i følge med ein vaksen.

Utstyr: Forklede og elles ha på kle som tåler søl.

Påmeldingsfrist: 17. august.

Om Gitte Midtbø

Gitte er ein planteelskar og notorisk garnsnuser. Ho starta med plantefarging i 2017, og er sjølvlært gjennom lesing, prøving og feiling. I 2021 starta ho Gardsfargeriet, som ho driv i dag. Gardsfargeriet er eit mikrofargeri mellom fjella i Sogn og Fjordane. Der fargane kjem i små porsjoner, og alle hespa er farga med kjærleik, glede og naturlege fargemetodar.

Gitte ønskjer å nytte seg av garn som er norskprodusert, der ein veit kvar geita, alpakkaen eller sauen kjem frå. Ull og fiber farges med planter og naturmidlar. Målet er å bruke minst mogleg kjemikaliar, ta vare på den norske ulla og fiberen og få fleire til å få auga opp for den fantastiske råvara vi har!

sunnfjord-museum/torklede_gitte_midtbo.jpeg.
Når du fargar på denne måten er det damp som gjer at fargen utviklar seg og gjev tørkledet flotte fargar og spel.

Velkomne til kurs!