Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Ein stor kjele med lokk på står over ein open flamme i eit gamalt eldhus på Sunnfjord museum.

Kurs i ølbrygging

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord Museum

Ølbrygging har ei lang historie i Noreg og ord som bruraøl, barneøl, gravøl og juleøl vitnar om ølet si betydning i høgtid og livets viktige fasar. Kvar gard kunne ha eigne oppskrifter og metodar for ølbrygginga, og i prosessen var det knytt viktige ritual og mystikk.

No kan du vere med på ølbrygging på gamlemåten, i Eldstova frå 1850-talet!

Kursleiar, Øystein Menes, vil ta deltakarane gjennom prosessen med brygginga. Han har 40 års erfaring med brygging og lærte å brygge i Framfjorden i Vik, i Sogn. Der er det mykje likt måten dei bryggar på Voss.
På bryggedagen startar vi med brygging, men Menes vil også gå igjennom prosessen med melting og spiring slik som det var før.
Brygging består av fleire fasar. Melting, spiring, knusing, brygging, oppskåke og smaking/drikke.

Etter tre veker møtast vi igjen til oppskåke og smaking av ølet (Laurdag 25. november) der vi byr på noko godt attåt ølet, servert i ei av stovene her på museet.

Har du ein draum om å brygge ditt eige øl, eller ynskjer å lære meir om ølbrygging?
Meld deg på!

sunnfjord-museum/img_9495.JPEG.
Tre veker etter bryggedagen samlast deltakarane til smaking og god mat. Her frå kurset i 2021.
Pris

Pris for kurset: kr. 1700
Inkludert i deltakaravgifta får du:
- Ølbrygging 04. november
- Varmt måltid på bryggedagen.
- Lett servering og kaffi.
- Oppskåke og smaking laurdag 25. november, med lett servering attåt.
- Ferdigbrygga øl.

Deltakarar må vere over 18 år.

Påmelding

Du melder deg på kurs ved å sende ein e-post til: ninbre@misf.no,
eller du kan ringe tlf. nr: 414 21 959.
Påmeldinga må innehalde følgande: Namn kursdeltakar, namn fakturamottakar, postadresse og e-postadresse fakturamottakar, telefonnummer, og om du har matallergier vi må ta hensyn til.
Det er bindande påmelding, og fristen for påmelding er 21. oktober.

Vi sender ut faktura etter påmeldingsfristen.

Kurset har plass til 10 deltakarar

Avmelding

Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå til oss så fort som mogleg. Ring 57 72 12 20 eller send epost til sum@misf.no.
Avmeldingsgebyr er kr. 500 fram til 21. oktober. Melder du deg av etter dette må du betale full kursavgift. Same regel gjeld om det er sjukdom eller andre årsaker.

Ved avlysing, i tilfelle av ufortsette hendingar frå arrangør si side eller for få deltakarar, refunderast fullt kursbeløp til deltakaren.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. februar — 2. juni
Tysdag til fredag 10-15.
I påskeveka har vi ope måndag 25.- onsdag 27. mars.
Vi held stengt 2.- 5. april og heilagdagane i mai.

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/Student: 90 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde