Sunnfjord Museum
Fargerike pysanky.

Kurs i pysanky - ukrainsk eggdekor

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord Museum

Pysanky er tradisjonelle dekorerte egg frå Ukraina og andre slaviske land. Egga blir måla med voks og dyppa i fargebad. Deretter blir voksen smelta vekk for å få fram detaljerte mønster som ofte har symbolsk betydning.

Med ein erfaren ukrainsk instruktør og utstyr importert direkte frå Ukraina får du lære tradisjonelle metodar og symbolbruk, og jobbar steg for steg fram til di eiga unike pysanka. Alt utstyr er inkludert i kursavgifta, og du får òg utlevert eit kurshefte. Det er i tillegg mogleg å kjøpe med seg ei komplett pysanky-pakke for vidare arbeid heime.

Kurset varar i fire timar og passar for deltakarar over 12 år. Det høver for deg som ønskjer ei roleg, sosial og lærerik økt. Maksimalt tal deltakarar er 20, så kjøp billett og sikre deg plass på dette unike tilbodet!