Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Svart-kvitt portrett av ein gamalnorsk spelsau.

Livreddaren

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Livreddaren er eit dokumentarisk portrett og hyllest av den norske spelsauen.

Utstillinga er sett saman av vandreutstillinga Livreddaren Et dokumentarisk portrett av den norske spelsauen og tradisjonelt handverk laga av Tanja Myklebust frå Sande i Sunnfjord.

Livreddaren tek føre seg treeinigheten mellom landskap, dyr og menneske. Gjennom fotografi, handverksprodukt og installasjonen Ullgloa blir du kjent både med sauen og ulla. Som del av utstillinga er det også eit aktivitetstilbod der du kan prøve å karde og spinne for å bli enda betre kjent med materialet.

"Som en robust og raggete urkraft står den der og mønstrer oss. Ikke skremt, men aktpågivende og oppmerksom, slik livet og historien har lært den å være. Den gir ikke ved dørene, spelsauen, søker ikke kontakt i utrengsmål. Du må gjøre deg fortjent til dens tillit.

Til gjengjeld har den gitt oss alt; kjøtt og melk, drikkehorn, buestrenger, fiskegarn, seil til vikingskipene som pløyde bølgene fra Vinland til Miklagard, klær til hverdags og fest, trygghet og varme til å utstå høstens stormer og vinterens bitende sprengkulde. Møter du blikket dens, er det historiens gjeld du kan skimte. Dette er vår trofaste følgesvenn gjennom årtusener.

Dette er livredderen."

I Livreddaren blir du kjent med spelsauen og ulla. Utstillinga set også søkelys på kva vi er i ferd med å miste på grunn av at kjennskapen til den gamle norske ulla. Spelsauen er fortrengt av sauer som i stor grad er avla på den moderne tekstilindustriens premiss.

Utstillinga står til 15. oktober.

Desse står bak Livreddaren:

Livreddaren - Et dokumentarisk portrett av den norske spelsauen

Fotografi: Nils Olav Mevatne
Tekst: Øystein Rygg Haanæs
Installasjonen "Ullgloa": Marit Adelsten Jensen og Else Karin Tysse Bysheim.

Tanja Myklebust

Tanja Myklebust er lærar ved Sande skule, og er glad i å skape ulike produkt av ull. Våren 2022 fullførte ho masterutdanninga si i Design, kunst og handverk ved Universitetet i Sørøst-Norge. Tema for masteravhandlinga var "ullmøte" med lokal og ubehandla ull , der forståing for tradisjonelt handverk og berekraftig bruk av ull frå gamalnorsk sau og gamalnorsk spelsau hadde hovudfokus.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

21. desember 2024 — 31. januar 2025
Vi held stengt. Ta kontakt for meir informasjon.

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/Student: 90 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde