Vil du lære å brygge kornøl på gamlemåten? Eller er du ein erfaren ølbryggar som ynskjer påfyll av kunnskap? Bli med på kurs i ølbrygging, og lær deg ein del av den immaterielle kulturarven!
Laurdag 24. oktober fyrer vi opp i grua i det flotte eldhuset for å brygge øl på gamlemåten. Ein slik prosess tar tid, så kurset startar klokka 09.00 og held fram til kl. 17/18.00.
Øystein Menes er kursleiar. Han har 40 års erfaring med brygging og lærte å brygge i Framfjorden i Vik, i Sogn.
Ølbrygging har gamle tradisjonar og kan vere litt forskjellig frå bygd til bygd. På bryggedagen startar vi med brygging, men Menes vil også gå igjennom prosessen med melting og spiring slik som det var før. Brygging består av fleire fasar. Melting, spiring, knusing, brygging, oppskåke og smaking/drikke. I dag kan ein kjøpe ferdige bryggeri som gjær brygginga enklare og ein kan brygge mindre mengde. Desse bryggeria er svært bra og Menes vil også vise eit slikt på kurset.
Laurdag 14. november inviterer vi kursdeltakarane tilbake til museet for oppskåke. Vi legg opp til ei lita avslutning og serverer spekemat. Resten av ølet tek deltakarane med seg heim.
Pris: kr. 1700,-
Påmeldingsfrist: 19. oktober. (Bindande påmelding)
Inkludert i prisen er:
- Ølbrygging 24. oktober frå kl. 09.00.
- Varmt middagsmåltid på bryggedagen
- Lett servering og kaffi/te
- Oppskåke laurdag 14. november (tidspunkt kjem vi tilbake til). Servering av spekemat.
Tal plassar på kurset: 10 personar
Aldergrense: Deltakarar må vere over 18 år.
Har du spørsmål, ta kontakt med museumspedagog Nina,
tlf: 414 21 959, epost: ninbre@misf.no